Kontakt

Om du har tips og saker som kan være egnet for publisering her på www.naff.no, så sender du en E-post til redaktøren:  redaktor@naff.no

Postadressen til NAFF er:
Norges amatørfilmforbund
Postboks 88 Forus
4064 STAVANGER
Epost: post@naff.no

Video 4 offisiell sponsor

Gir NAFF-medlemmer gode tilbud

Dokfilm 2012 PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Ståle Grut; PR-ansvarlig   
tirsdag 24. januar 2012 16:39

Skjermbilde_2012-01-24_kl._16.45.35Mellom 25-29. april 2012 er det igjen klart for Noregs eldste dokumentarfilmfestival!

Fram til 15. februar har filmskaparar frå inn og utland moglegheit til å melda på dokumentarfilmane sine, og omlag 60 av desse vert plukka ut til å bli vist under vårens store folkefest i Volda.

Med eit Dokumentarfilm- og festivalmiljø i Noreg i stadig vekst, skal Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2012 markere seg som ein tydeleg formidlar av den norske dokumentarfilmen.

Skjermbilde_2012-01-24_kl._16.50.40Me har allereie fått inn eit stort antal filmar og håpar på å få inn mange fleire, seier ein entusiastisk leiar for årets festival, Synnøve Horvei.

I år har me hatt eit ynskje om å fokusere på norsk film. Vårt hovudmål har heile vegen vore å fremja norsk dokumentarfilm, og me håpar at festivalen kan vera ein arena der både nye og etablerte filmskaparar kan vise produksjonane sine, og bli inspirert av kvarandre. Som Norges eldste dokumentarfilmfestival er me veldig stolte av å kunne vere eit sentralt springbrett, også for unge filmskapere. I tillegg til å vise studentfilmar inviterer me elever ved alle folkehøgskular og vidaregåande skular i landet til å delta i kortfilmkonkurransen KortSagt.

Festivalen har mykje å tilby, både for tilreisande bransjefolk, filminteresserte og lokalbefolkninga. Tradisjonelle arrangement som Doksnakk, Pitchetevling, Folkefest, Prisutdeling og Laurdagsfest er nokre av dei klassiske høgdepunkta, som igjen vert arrangert.
Nytt av året er BIFFs talentpris, som er eit samarbeid mellom Bergen Internasjonale Filmfestival og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Målet med prisen er å gi merksemd til ein ny,  fersk dokumentarfilmskaper, og gi denne filmskaparen ein unik mulighet til å vise seg ytterligere fram.

Frå 25 til 29. april blir det fullt program for både små og store filminteresserte i Volda!

Påmelding: http://dokfilm.no/filmpamelding-2012/

For meir informasjon om festivalen ta kontakt med:
PR og informasjonsansvarleg Ståle Grut: 93240711
Leiar av festivalen, Synnøve Horvei: 481 26 513

 
Mer Info